Omstilling innan pleie og omsorg

Giske kommune jobbar med å følgje opp kommunestyrevedtaket om Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050. Eit større omstillingsprosjekt pågår. Behovet innan pleie og omsorg vil auke vesentleg dei neste 30 åra. Det er derfor særs viktig at vi bur oss på dette og at tenestene ligg på rett nivå i dag.

Giske omsorgssenter.

Giske kommune har den siste tida arbeidd med å tydleggjere kriterier for tildeling av heildøgnsplassar og heimebasert teneste. Giske kommune har søkjarar til heildøgnsplass, men fleire oppfyller ikkje desse kriteria. Styrking av heimebasert og ambulant verksemd vert viktig framover. Personar som vert vurdert til å trenge døgnkontinuerlig pleie- og omsorg vil få plass.

Per i dag står fleire heildøgns-bemanna rom tomme. Desse tomme romma er spreidt rundt på fleire avdelingar på omsorgssentera i kommunen. For å kunne nytte kompetansen og kapasiteten på ein hensiktsmessig måte, gitt den økonomiske situasjonen kommunen er i, blir bebuarane på avdeling Hustruhamna flytta til dei ledige romma på dei andre avdelingane. Alle brukarar og pårørande som blir berørt av dette har blitt varsla. Ingen av bebuarane vil få eit dårlegare tilbod.

- Vi vil presisere at alle som har behov for pleie- og omsorgstenester i Giske kommune skal få det. I framtida vil tenestene våre bli tilpassa brukarane sitt behov på ein slik måte at fleire kan bu heime lengre enn tilfellet er i dag, seier kommunalsjef helse og omsorg, Lene Bjørlo Overå. 

Som ein del av dette vil Giske kommune blant anna satse meir på avlastning på korttidsrom som eit førebyggjande tiltak. Dette blir gjort for å møte den komande veksten innan pleie og omsorg. Når behovet for heildøgns-bemanna langtidsplassar aukar igjen, vil Hustruhamna stå klar til å ta imot brukarar. Det er tidleg i prosessen og det er ikkje vurdert kva Hustruhamna skal nyttast til i tida den står ledig.

Omstillinga som no pågår er sjølvsagt også med tanke på å få kontroll på eit stort overforbruk innan pleie og omsorg dei siste åra. Og på denne måten tilpasse drifta til dei økonomiske rammene. Politikarane har gitt administrasjonen i oppdrag å finne tiltak som kan redusere kostnadene.

Tilsette som vert berørt av omstillingsprosessen vil så langt det er mogleg få tilbod om stillingar andre stader i kommunen etter gjeldande prosedyrer og retningslinjer. 

Giske omsorgssenter har fire avdelingar med til saman 40 plassar. Giske kommune har to omsorgssenter (Valderøya og Vigra) og eitt bukollektiv (Godøya), totalt 76 heildøgnsplassar.