Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Vigra skule
Detaljreguleringsplan for utviding av Vigra skule blir lagt ut til offentleg ettersyn etter vedtak i Teknisk utval den 10.06.2024. Høyringsperioden varer til 08.08.2024.
Planforslag Vigra skule (10.06.2024)Planforslaget blir sendt til grunneigarar i planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar.
Merknader merkast med namnet til planen og planident 2024001 og sendast til kommunen innan 08.08.2024.
Merknader kan sendast på e-post: post@giske.kommune.no eller til
Giske kommune
Teknisk eining
Valderhaug 4
6050 Valderøya.
Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og blir vurdert og referert for politisk myndigheit. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.
Dokument på høyring finn ein i kommunen sitt planregister via denne lenka:
arealplaner.no | 2024001 > Planbehandlinger
Sist endra 17.06.2024 14.28