Nytt om nye Giske ungdomsskule

 Styringsgruppa har hatt møte 11. og 25. februar med gjennomgang av status i alle prosjektgruppene, og planlegginga av vidare framdrift i samband med byggeprosjekta som no er ute på anbod.

 

Giske kommunestyre har søkt Statsforvaltaren om løyve til å auke kommunen si låneramme med inntil 12million i samband med desse tiltaka. Det vert lagt opp til at anboda skal handsamast i formannskapet 22. mars.

Robert Valderhaug er ny prosjektleiar for bygg og uteareal.

Det vert samarbeidd med samferdselsavdelinga i fylket om skuleskyssen i den nye strukturen. Ein legg opp til ein skuleskyss med to bussar frå Godøya, der den eine går rundt Giske.

Prosjektgruppe for bemanning

Det vert arbeidd med å skaffe oversikt over bemanninga ved nye Giske ungdomsskule. I tillegg til generell utlysing av lærarstillingar er det lyst ut to ledige stillingar som avdelingsleiarar ved ungdomsskulen.

Prosjektgruppe for bygning og uteareal Godøy skule (1-7)

Det er arbeidd vidare med utvikling av uteareal og parkering ved Godøy skule. Prosjektleiinga har gjennomført nytt møte med FAU/SU ved Godøy skule, der ein har presentert og drøfta planar.

Den totale trafikksituasjonen til og frå skulen vart også drøfta i møtet, til dette ligg også regulering av trafikken på vegane inn mot skulen.

Trafikksituasjonen vil no kome som eiga sak til kommunestyret. Saka skal ut på høyring før vedtak i kommunestyret vert gjort.

Arbeidet med ombygging av Godøy skule er lyst ut på anbod, med frist 12.mars.

Prosjektgruppe for bygning Giske ungdomsskule

Arbeidet med ombygging av Pyramiden er lyst ut på anbod, med frist 12.mars.

For å frigjere Pyramiden til ombygging må Kingelveven inn i andre lokale. Det vil bli løyst ved at dei midlertidig flyttar til Paviljongen som står på marka på austsida av ungdomsskulen.

Det betyr at ungdomsskulen i perioden fram mot sommarferien må finne løysing for undervisninga i musikk og naturfag innanfor den ordinære bygningsmassa.

Det vil bli bygd ein veg opp til denne paviljongen, og ombygging av paviljongen for Kingelveven sin bruk vil starte så snart som råd etter vedtak om igongsetjing er gjort. Kostnad til veg og ombygging er kalkulert ti 300 – 350.000 kroner. 

Prosjektgruppe for utvikling av ein felles Giske ungdomsskule

Ulike forslag til organisering av tilsette, elevar og skuledag er denne månaden presentert for samla personale for den nye ungdomsskulen. Drøftingar og innhenting av synspunkt både gruppevis og individuelt.  Arbeidet med dette held fram i personalgruppene.

Det er i denne perioden også gjennomført tilsvarande møte med interim-FAU,  interim – elevråd og dagens FAU/SU ved Valderøy ungdomsskule.

Gjennom elev- og foreldresamtalar på Valderøy ungdomsskule og på u-trinnet på Godøy skule har også samanslåing av skulane vore tema.

Dette arbeidet dannar grunnlag for den totalvurderinga som vert gjort når leiinga ved skulen denne månaden tek avgjerd i desse spørsmåla; Korleis skal skuledagen sjå ut i den nye skulen? Inndeling i timar og friminutt. Korleis organiserer ein elevane og lærarane på kvart trinn?

 

I neste periode (mars):

  • 12.mars er anbodsfrist for ombygging av Godøy skule og Pyramiden. Styringsgruppa vil handsame anboda i veka etter. Så vil dette kome opp i formannskapet 22.mars.
  • 16.mars er det nytt møte i interim- FAU for nye Giske ungdomsskule.
  • Bygging av veg til paviljongen vil starte for å gjere klart for ombygging og flytting av Kingelveven.
  • Valderøy ungdomsskule må flytte musikk og naturfag ut av paviljongen for å klargjere for ombygging til Kingelveven.
  • I løpet av mars vil det bli tatt avgjerd om korleis ein organiserer klassene frå hausten av.
  • Dersom framdrifta i prosjektet blir som planlagt, vil byggearbeida ved Godøy skule og ombygginga av Pyramiden starte i midten av april, med sikte på at arbeida skal vere ferdige til 31.juli.