Nytt om arbeidet med ny skulestruktur

Styringsgruppa for ny skulestruktur i Giske har hatt møte 20.mai og 9. juni med gjennomgang av status i dei ulike prosjektgruppene.

 

Prosjektgruppe for bygning og uteareal Godøy skule (1-7)

Arbeidet med ombygging og klargjering av Godøy skule er no i gong.

B-bygget skal gjerast klart til skulestart, slik at det kan takast i bruk av 5-7. klasse. 1.-4.klasse blir på Alnes til oppgradering og tilrettelegging av A-bygget er ferdig. Etter planen skal dette vere klart i oktober.

Arbeidet med parkering og trafikkareal ved skulen vil bli gjennomført i skuleferien.

Skulen har arbeidd aktivt i innspurten med å pakke ned og gjere klart for omdisponering av areala.

Rektor har levert prioriteringsliste for tiltak på uteområdet som ein ønskjer å ha på plass til småskulesteget kjem. Styringsgruppa drøfta dette i siste møte. Det vert arbeidd vidare med å sjå kva ein kan få realisert. Det vil også bli arbeidd vidare med ein samla og større plan for uteområdet ved Godøy skule.

Prosjektgruppe for bygning Giske ungdomsskule

Grunnarbeidet for det nye modulbygget ved Giske ungdomsskule er i full gong. Ein kan sjå dette på sørsida av Valderøy ungdomsskule. Her vil det bli plassert to modulbygg av tilsvarande format som det ein kan sjå på nordsida av skulen. Modulbygget skal leverast i veke 28 og skal vere klart til møblering 11.08. Dei fire klassene på 10.klassesteg vil til hausten ha tilhald der.

Arbeidet med omdisponering av rom er i full gang. Nyorganisering av lærarteam og endring i bruk av fleire av rom gjer at det vert ei omfattande intern flytting i ungdomsskulen. Desse endringane skal også bidra til eit utvida vrimleareal for elevane. Både tilsette og elevar er involvert i dette i innspurten av skuleåret.

Prosjektgruppe for utvikling av ein felles Giske ungdomsskule

Det vart i slutten av  mai gjennomført ny felles planleggingsdag for personalet ved Giske ungdomsskule. Denne gong på Teams på grunn av smitterestriksjonar. Samlinga vart gjennomført i dei nye klassestegsteama som skal stå for undervisninga neste skuleår.

I den siste skuleveka hadde alle klassestega for nye Giske ungdomsskule kvar si heildagssamling på Valderøy ungdomsskule. Målet her var å bli kjent med dei nye medelevane sine.

I neste periode :

  • Arbeidet med modulbygg for Giske ungdomsskule går vidare. Levering av modulbygg skal skje i veke 28. Det nye modulbygget skal vere klart til 11.08.
  • Flytting av møbler og utstyr for å rigge til den nye skulestrukturen. Dette gjeld både intern flytting i skulane, og flytting av møblar og utstyr frå Godøy skule til Giske ungdomsskule.
  • Arbeid med B-bygget ved Godøy skule er i gong og skal sluttførast til skulestart i august.
  • Arbeidet med parkering og trafikk – arealet ved Godøy vil bli gjennomført i skulane sin sommarferie.
  • Det vert arbeidd vidare med korleis oppgradere uteområdet ved Godøy skule til 1.-4.klasse kjem i oktober.