Nye modulbygg på Vigra skule

Nye midlertidige klasserom på Vigra

Denne veka har Vigraskulen flytta inn i modulbygg som skal tene som mellombels lokale til den nye skulen er planlagd ferdig i 2027. 
Stor takk til føresette og tilsette som bidrog til at elevane kom til klargjorde bygg måndag morgon. 

Ny midlertidige modulbygg Vigra skule

 

Peab K. Nordang har fått i oppdrag frå Giske kommune å bygge nye Vigra skule. Kontrakten har ein verdi på ca. 159 millionar kroner. 

Prosjektet omfattar rivning og sanering av eksisterande skulebygningar. I tillegg blir det oppføring av nytt skulebygg på same tomt.

Den nye skulen blir på ca. 3270 kvadratmeter. Rivingsarbeidet startar opp våren 2025 og planlagt innflytting i nybygget er februar 2027.

Nye Vigra skule Slyngstad Aamlid arkitekter