Her kjem eit nyheitsbrev frå styringsgruppa som er sett ned for arbeidet med nye Giske ungdomsskule. Tidlegare rektor ved Valderøy ungdomskule, Roar Blindheim, er engasjert i deltidsstilling som ny prosjektleiar frå 13.januar.
Styringsgruppa har hatt møte 14.januar og 29.januar med gjennomgang av status i prosjektgruppene. I siste møte med gjennomgang av teikningar og kostnadskalkylar utarbeidd av Norconsult.
Det er gjennomført orienteringsmøte for FAU/SU ved Godøy skule.
Prosjektgruppe for bemanning
I denne perioden har fokus vore på tilsetjing i fleire ledige leiarstillingar i skule og barnehage. Intervju med søkjarar er gjennomført.
Prosjektgruppe bygning Giske ungdomsskule
Det er utarbeidd planar for ombygging av Pyramiden, slik at der blir plass til eit heilt klassesteg, med inntil 5 klassar. Norconsult har levert teikningar og kostnadskalkylar.
Prosjektgruppe for utvikling av ein felles Giske ungdomsskule
Gruppa har utarbeidd skisser til organisering av elevane, dei tilsette og av skuledagen for den nye ungdomsskulen, med framlegg og medverknad for samla personale 10. februar. Ein legg opp til god dialog i personalgruppene og drøftingar med tillitsvalde på begge skulane. Elevar og føresette vil også bli involverte.
I neste periode:
- Planar for bygningsmessige endringar ved Godøy skule og ombygging i Pyramiden vert lagt fram for formannskapet 9.februar.
- Prosjektgruppa for utvikling av nye Giske ungdomsskule gjennomgår 10.februar forslag til organisering av den nye skule for eit samla personale frå Valderøy ungdomsskule og ungdomssteget ved Godøy skule.
- Interim-elevråd skal ha nytt møte tysdag 16.februar, med gjennomgang av forslag til organisering av Giske ungdomsskule
- Møte med interim-FAU Giske ungdomsskule tysdag 16.februar, med gjennomgang av forslag til organisering av skulen.
Publisert 09.02.2021 13.15