Ny teneste for sikker innsending av dokument

Giske kommune har tatt i bruk eDialog som skal nyttast når du sender oss dokument. Då kan du vere sikker på at sensitive og teiepliktige opplysningar blir ivaretekne på ein trygg måte.

Å sende dokument via e-post kan vere usikkert, og dei kan bli stoppa i spamfilteret hos e-postleverandøren din. 
Ved å bruke eDialog kjem dokumenta dine raskt fram til oss på ein enkel og trygg måte.

Vi oppmodar både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til å bruke eDialog for å sende dokument trygt til oss.

Lenke til eDialog finn du her