Ny teneste for sikker innsending av dokument - Oppdatert informasjon om eDialog
Giske kommune har tatt i bruk eDialog som skal nyttast når privatpersonar, bedrifter og organisasjonar sender oss dokument. Då kan dei vere sikker på at sensitive og teiepliktige opplysningar blir ivaretekne på ein trygg måte.
Å sende dokument via e-post kan vere usikkert, særleg om den inneheld personopplysningar. I tillegg kan e-postar bli stoppa i spamfilteret hos e-postleverandøren din.
Ved å bruke eDialog kjem dokumenta raskt fram til arkivet på ein enkel og trygg måte. Det gjer at tilsette på servicekontoret slepp å scanne fysiske papirdokument. Arkivet fordeler innkomne dokument som før.
Saksbehandlarar bør oppmode både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til å bruke eDialog for å sende dokument trygt til oss. Vanleg korrespondanse kan framleis foregå på e-post.
Døme på dokument eDialog skal nyttast til:
- Søknadsskjema som er fyllt ut på papir
- Spørsmål med sensitivt innhald
- Tilsynssvar frå private bedrifter/organisasjonar
- Prøvingsattest til vigsel
- Skjema for eigenfråsegn for konsesjonsfridom
Lenke til eDialog finn du her
Sist endra 18.10.2024 11.42