Ny rektor ved Giske ungdomsskule

Britt Leira Heimdal byrjar i stillinga som rektor ved Giske ungdomsskule 1. februar.

 

 

Heimdal er utdanna allmennlærar, med spesialpedagogikk og utdanning i skule- og endringsleiing.

Ho har vore rektor for Ålesund kommune sidan 2012, ved Hatlane skule frå 2014.

"No gler eg meg til å bli kjend med elevar, tilsette, foreldre og alle andre eg får lære saman med i Giske kommune.  Eg brenn for at alle skal erfare å høyre til, og eg framstår nok som ein både tydeleg og varm leiar", seier Heimdal.

Britt Leira Heimdal har brei erfaring frå oppvekst og helsesektor. Ho har vore både SFO-leiar, kontaktlærar og undervisningsinspektør. I tillegg har ho bygd opp og leia spesialpedagogisk base for elevar med autisme og vore avdelingsleiar for BUP i Telemark.

På fritida er Britt Leira Heimdal  handballtrenar. Ho bur på Hessa og har to snart vaksne døtre.