Ny prosjektleiar Gjøsund

Giske kommune har tilsett Linn Indrestrand (40) som prosjektleiar for vidare utvikling av Gjøsund fiskerihamn og næringsområde. 

Linn kjem opphavleg frå Ålesund og har jobba med å bygge opp Hirtshals hamn dei siste 9 åra. Ho har bakgrunn som sveiser, rørlegger og Vvs-ingeniør. No jobbar ho som «Head of fishery and maritime service», og med å sette den strategiske retninga for Hirtshals hamn innanfor desse felta. Indrestrand har vore med på å etablere Hirtshals LakseHub og Hirtshals som sirkulær hamn. 

Den nye prosjektleiaren skal jobbe med vidare hamneutvikling både i Hirtshals og for Giske kommune. Ho har brei og svært relevant erfaring som passar godt inn i planane for vidare utvikling av Gjøsund hamn og næringsområde.

  • Vi ser positivt på å få ein slik kompetent medarbeidar på laget. Ho har stort kontaktnett i bransjen og har jobba mykje med logistikk i tett samarbeid med næringa og forskningsmiljøet i eit berekraftsperspektiv, seier Eli Brunstad Høydal, kommunalsjef teknisk i Giske.