Ny ordførar på plass

Torsdag 19. oktober tok Kenneth Langvatn (H) over som ordførar etter Harry Valderhaug (Krf) som går inn i rolla som varaordførar.  

Blomsteroverrekking.

Valderhaug har vore ordførar i Giske i to periodar i til saman åtte år.  Under det konstituerande kommunestyremøtet takka han for dei åra han har leia kommunestyret og ga ordførarkjedet vidare til Kenneth Langvatn. Den nye ordføraren sa i sin tale at han har lært mykje i dei åra han har vore politikar i kommunen og takka kommunestyret for tilliten dei har vist ved samrøystes tilslutning til ny ordførar.  

  • Eg vil takke avtroppande ordførar, Harry Valderhaug, for innsatsen i åtte år. Du har i heile mitt virke som folkevald vore ordførar, og det har du vore på ein flott måte. Du har vore læremeister for fleire av oss i kraft av di rolle, og eg har kjent deg som ein god kollega for oss folkevalde. Fremst av alt har du fungert som ein god borgermester, altså at du ute blant folk har gitt av deg sjølv og vore ein skikkelse som folk kjenner igjen både heime i Giske og utanfor kommunen. Mitt inntrykk er at alle veit kven Harry er. Du har vore folkevalgt i fire tiår, og seier likevel at du har meir å bidra med til samfunnet. Det engasjementet trur eg du deler med alle oss folkevalde i kommunestyret, det er difor vi stiller oss til disposisjon ved val. Igjen, tusen takk for din innsats, sa den nye ordføraren, Kenneth Langvatn. 

 

I møtet la valnemnda fram:

Formannskapet (DOCX, 15 kB)

Livsløputvale (DOCX, 16 kB)t

 Teknisk utval (DOCX, 16 kB)

 Kontrollutvalet (DOCX, 15 kB)