Ny nettsideløysing for innsyn i kommunen sine dokument.

Frå onsdag 20. desember vil det bli lettare å søke i kommunen sine dokument, med ny og oppgradert innsynsløysing.

Giske kommune si arkivteneste går no over til eit nytt system for innsyn. Driftsetting er tysdag 19. desember. 

"Vi arbeidar kontinuerleg for at innbyggjarar og media skal få tilstrekkeleg, relevant og god informasjon. Openheit og innsyn bør derfor vere enkelt, både for dei som søker informasjon og dei som gir innsyn", skriv ACOS på sine heimesider. ACOS er kommunen sin arkivtenesteleverandør.

I den nye løysinga kan du søke i alle dokument - det vil seie frå alle datoar, politiske saker og andre arkiverte dokument - frå ei og same side. For saksframlegg, møteprotokollar og innkallingar til politikken viser heile det historiske arkivet. For andre dokument er dokumenta tilgjengeleg i 12 månadar.