Ny leiar for ny eining kultur, service og næring
Hilde Røsvik er no tilsett som leiar for den nye eininga "kultur, service og næring", og startar opp i januar.
Dei som har bodd i Giske ei tid, kjenner ho sikkert frå då ho var redaktør i Øy-blikk. Etter dette arbeidde ho i NRK Møre og Romsdal som leiar av nyheitsavdelinga før ho i 2016 vart redaktør i Svalbardposten. Hilde gler seg til å kome tilbake til Giske!
Sjå også Smp!
Publisert 18.09.2020 09.50