Ny heimeside for Gjøsund hamn

Fiskeri- og havnæringane treng ei ny hamn der dei kan få alle tenester på éin stad.

Etter at mudringa i hamna vart ferdigstilt jobbar Giske kommune no saman med næringslivet for å utvikle fiskerihamna og det tilliggande næringsområdet. 

 På den nye heimesida til Gjøsund hamn finn du informasjon om korleis hamna skal verte ein akselerator i ei verdsleiande havnærings- og sjømatklynge, og bidra til det grøne skiftet. For no er det ein sjeldan sjanse til å bygge ei hamn frå botnen av slik framtida, maritimt næringsliv og ikkje minst fiskerinæringa treng det.

-          Giske kommune, Gjøsund utvikling og mange sentrale næringsaktørar har stått på for å kome dit vi er i dag. No står Gjøsund hamn tydeleg fram som ei sjølvstendig merkevare, bygd på skuldrene av arbeidet mange sentrale aktørar i og utanfor Giske har gjort, seier ordførar Kenneth Langvatn.

Ei hamn for framtida

Prosjektleiar Linn Indrestrand arbeider tett med andre fagfolk i kommunen, næringslivet lokalt og sentrale aktørar som kan fylle Gjøsund hamn med infrastruktur og innhald. Med totalt 550 dekar næringsareal, ei framtidig djupvasskai og samarbeid om viktige sjømatruter til kontinentet skal hamna bidra til sunn mat, fleire arbeidsplassar og meir miljøeffektiv transport.

Knutepunkt, fiskeri- og havnæringar og leiestjerne

Gjøsund hamn har saman med byrået Peil utvikla strategi og visuell identitet. Gjøsund hamn skal vere ei leiestjerne og skape framtidas hamnemodell. Samtidig speglar logoen dei maritime og marine næringane, og den naturlege rolla som knutepunkt hamna skal ha.

Heimesida blei lansert på Next Wave på Giske. Nytt innhald kjem fram mot den store fiskerimessa, Nor-Fishing, i Trondheim 20.–22. august.