Noreg opnar samfunnet meir frå laurdag 25.9. klokka 1600

Noreg opnar. 

 

No skal vi ha normal kvardag med auka beredskap.

Dette skal vi halde fram med for å beskytte oss mot smitte

- Vaske hendene ofte

- Hoste i albogen eller i eit papirlommetørkle

- Vaksinere oss

- Halde oss heime og ta koronatest ved nyoppstått forkjøling eller annan luftvegsinfeksjon

      - Dette gjeld også for vaksinerte

      - Det er litt mildare råd om dette no, spesielt for barn. Sjå flytskjema.

Desse reglane og råda forsvinn 25. september

- Vi må ikkje halde 1 meter avstand

- Vi kan ha normal sosial kontakt og det er ingen smittevernreglar for arrangement

- Reglar om innreise blir gradvis trappa ned

Her kan du lese meir om "Normal kvardag med auka beredskap":

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/norge-gar-over-til-en-normal-hverdag-med-okt-beredskap/id2872539/

Flytskjema med informasjon om kva ein skal gjere viss ein får luftvegssymptom:

https://www.fhi.no/contentassets/3926c421314b41f2a24e4cc022dc7017/2021-09-25-flytskjema-symptomer-gjenapning.pdf