Ni ungdommar på sommarjobb

Denne sommaren har til saman ni unge i alderen 16 til 18 år, busett i Giske, hatt jobb i kommunen.

Fem har jobba i uteseksjonen på Teknisk med alt frå grasklipping til måling, medan fire har vore servicevertar på Giske omsorgssenter. Dei har hjelpt til med måltid og har jobba med anna miljøskapande aktivitetar.

Arnstein Gustafson har vore mentor og rettleiar for dei på uteseksjonen. Han har lagt til rette og planlagt for arbeidet dei har gjort. Gustafson seier at det har vore ein fin gjeng med ungdommar som har løyst oppgåvene dei har fått.

Sommarjobbane er finansiert gjennom midlar frå Konfliktrådet.

-          Det er viktig lærdom desse unge får både gjennom søknadsprosess til jobb og ansvaret dei får gjennom sjølve sommarjobben. Dette er noko vi gjerne vil halde fram med neste år også, sier Hilde Røsvik, leiar for Kultur, service og næring.    

Emil Honningsvåg og Anna Jakobsen på omsorgssenteret. Sofie Holmeseth