Møte om situasjonen i Ukraina

Giske kommune var i møte med Statsforvaltaren onsdag 2. mars saman med alle kommunane i fylket om situasjonen i Ukraina. I møtet deltok også representantar frå Forsvaret, Politi, Nasjonal tryggingsmynde og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA). Tilsette i Giske kommune følgjer situasjonen tett og er opptekne av å ta vare på innbyggarane på beste måte.  

 

Kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete

 

Etter møtet har Statsforvaltaren lagt ut denne informasjonen på sine sider:

Normalsituasjon innanriks i Noreg

Angrepet på Ukraina har ikkje endra trugselsituasjonen innanriks i Noreg. Informasjon og svar på spørsmål om Ukraina finn de på regjeringa.no.

Nasjonale mynde oppmodar folk, organisasjonar og verksemder om å vere årvakne og varsle dersom ein opplev avvik frå normalen. Dette gjeld uavhengig av situasjonen i Ukraina. Les meir på sidene til Politiet/PST og Nasjonal tryggingsmynde (NSM).

Hos PST og NSM finn de opne trugsel- og risikovurderingar som kan lesast av alle. Alle organisasjonar og verksemder bør kjenne til desse vurderingane for å jobbe førebyggande med samfunnstryggleik.

Atomtryggleik og beredskap

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) følgjer situasjonen og vurderer kva som kan skje innanfor atom- og strålingsområdet. Fortløpande vurdering om atomtryggleik og -beredskap kan de lese på dsa.no.

Jodtablettar

Mange lurer på om dei treng å ta jodtablettar som følgje av situasjonen i Ukraina. På grunn av den store geografiske avstanden er det svært lite sannsynleg at det blir naudsynt å ta jodtablettar i Noreg. Uavhengig av situasjonen i Ukraina tilrår DSA alle under 40 år å ha jodtablettar lagra i heimen. Hovudgrunnen er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten. Les meir om jodtablettar i denne lenka.

Korleis snakke med barn og unge om krig

Utdanningsdirektoratet gjev råd om korleis de kan snakke med barn og unge om vanskelege hendingar. Alle vaksne bør skape eit trygt klima der barn kan stille spørsmål og uttrykke kjensler. Dagen i skule og barnehage skal vere så normal som det let seg gjere. Tilsette i barnehage og skule i Giske er trygge og opne i møte med barn som kjenner seg utrygge. 

Eigenberedskap

På lenka sikker kvardag finn du informasjon om kva nasjonale mynde meiner du bør ha heime for å klare deg sjølv i minst tre døgn. Eigenberedskap gjeld uavhengig av situasjonen i Ukraina.