Min eigedom er lansert

No er all informasjon om din eigedom tilgjengeleg frå Giske kommune si heimeside.

Logg inn i "Min eigedom" her

Giske kommune lanserte i februar ny heimeside, og lova at fleire sjølvbetjente løysingar skulle bli tilgjengelege. No er tenesta «Min Eigedom» lansert.

All informasjon samla

Lurer du på når feiaren kjem på besøk neste gong, kor mykje du må betale i gebyr eller når bosset skal hentast? No kan du gjennom kommunen si heimeside finne all informasjon om din eigedom.

Døgnopen

- MinEigedom fungerer som ein døgnopen digital teneste som gjer det enkelt for kommunen å tilby riktig og oppdatert informasjon til innbyggjarane. På ein enkel og oversiktleg måte gir MinEigedom full oversikt over den einskilde tenesta og engasjement som er knytt til den enkelte innbyggjar sin eigedom i kommunen, som til dømes, skatt, gebyr, avfallsrutinar, feiar og mykje meir.

MinEigedom er tilgjengeleg heile døgnet og du finn lenkja øvst på her på sida..