Mellombelse endringar i skuleleiinga i kommunen

Grunna sjukefråver i skuleleiargruppa blir det gjort mellombelse endringar i roller og ansvarsområder.

  

Noverande rektor på Giske skule, Gry Støbakk Ytterland,  blir konstituert rektor for Valderøy barneskule.

Ingrid Hessen, no avdelingsleiar på Vigra skule, blir konstituert rektor på Giske skule. Kristian Homlung Abrahamsen blir konstituert avdelingsleiar på 5.-7. trinn på Vigra skule. Endringane trer i kraft frå 1. mars.

  • Det har vore ei krevjande tid med pandemi som har vore prega av mykje sjukefråver. I tillegg har det vore stramme økonomiske rammer og omstillingar. Vi har no arbeidd fram ei mellombels løysing for skuleleiinga som vi meiner er til det beste for elevar og alle tilsette, seier kommunalsjef oppvekst Åse Elisabeth Skjærseth.