Meir info om sommaraktivitetane

Alle møter opp klokka ti der aktivitetane skal gå føre seg. Nestun på Giske for sjøsport, Rørvika på Vigra for motorcross, Valdervoll, Alnes, diskgolf på Godøy stadion og golf på Gjøsund.

Bussavgang til akvariet og klatreparken er klokka ni frå Frivillegsentralen. Alle må møte i god tid.

Dei som har problem med å skaffe seg skyss kan avtale med Frivillegsentralen om oppmøte der ein time før start på aktiviteten. Aktivitetane er ferdig klokka tre.

Kle deg etter forholda. Mat og drikke er inkludert.