Månadleg fakturering av kommunale avgifter

 Frå 1. juli 2023 blir faktureringa av dei kommunale avgiftene meir fleksibel for innbyggarane i Giske kommune.

Bilde av kalkulator og PC.  - Klikk for stort bileteNo er det muleg med månadleg fakturering. 

Passar det best for deg å betale kommunale avgifter fire gongar i året slik som i dag, eller ønsker du heller faktura ein gong i månaden? No får du mulegheit til å tilpasse fakturaene slik det passar best for deg.

Tilbod om faktura ein gong i månaden

Kommunale avgifter og eigedomsskatt blir fakturert med forfall 15. mars, 15. juni, 15. september og 15. desember om ikkje anna er avtalt.

No kan du også velje å få faktura ein gong i månaden med forfall den 15. kvar månad.

Før du kan endre til månadleg faktura, må du gjere opp eventuelt uteståande restansar. Det gjeld fakturaer som har forfalle eller gått til inkasso. Ta gjerne kontakt med økonomikontoret for å få ein oversikt.

Månadleg fakturering er først muleg frå 1. juli.

Sjølv om ein har månadleg faktura blir ikkje alle fakturaene like. Eigedomsskatten er ikkje klar før i slutten av februar. Det vil seie at for dei som har månadleg faktura, så er januar og februar fakturaene utan eigedomsskatt. Fakturaen for mars har eigedomsskatt for januar, februar og mars og vil dermed vere ein del høgare enn resten av fakturaene.

Vannmålaroppgjeret vil bli avrekna på faktura for mars.

Slik endrar du

For å endre til faktura ein gong i månaden går du inn på «Mi side» på Giske kommune si heimeside:

Logg deg inn i «Min eigedom», velg aktuell eigedom, min fakturahyppigheit og hak av for 12 terminar. Om du ikkje har mulegheit til å logge deg inn der, kan du ringe sentralbordet 70 18 80 00.

For å få månadleg faktura frå 1. juli 2023, er fristen for å endre 20. juni.2023.

Det er sjølvsagt heilt valfritt om og eventuelt når ein endrar til månadleg faktura.