Lotteri- og stiftelsestilsynet opnar for søknadar om straumstøtte


Straumstøtten kan gis til frivillige lag og organisasjonar. Søknadsfristen er 16. november 2023 klokka 13.00.

Kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete


No kan du søke straumstøtte for perioden juli til september 2022. Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betale ut straumstøtte fortløpande etter dei har opna for søknader, slik at dei som søker tidleg kan få pengane raskast mogleg.

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre perkWt og den månadlege gjennomsnittsprisen. Nytt for september er at også Midt-Noreg (NO4) inkludert Møre og Romsdal har rett på støtte. Straumsatsen er likevel vesentleg lågare enn for straumprisområda lengre sør. Til dømes vil ein straumsats på 4,23 øre pr kWt bety at eit forbruk på 10.000 kWt gir eit søknadsbeløp på 423 kroner.

I denne lenka kan du sjå meir informasjon om ordninga og områda som er omfatta.