Leiteaksjon på Vigra

Ein eldre mann er sakna frå Vigra omsorgssenter. Politiet søker no med hund og drone og frivillege er også med i søket. Mannen vart sist sett. Mannen vart sist sett  ved omsorgssenteret ca kl. 12.30. Han var observert på vei til Roald ca kl. 13.

logo

Det er no sendt ut sms til alle innbyggarane på Vigra:

"Viktig melding til alle husstandar på Vigra.

Ein mann med demenssjukdom er sakna frå Vigra omsorgssenter.

Vi ber alle husstandar undersøke på og rundt eigedommen sin samt alle bygg etter den sakna.

Mannen er  80 år, har grått hår, er rundt 175 cm, har på seg lys dongeribukse, lys blå- og kvit korterma skjorte, blå tøysko.

Meld frå til politiet på telefonane  02800 eller 112 snarast om du har opplysingar."