Lær å gå hytte til hytte

Den norske turistforening (DNT) har eit spesielt tilbod til ungdom i sommar: lær å gå hytte til hytte-tur! 

Turane er for ungdom 16-24 år som ikkje har gått slike turar aleine før. Turen går over 4 dagar og overnatting blir i DNT Sunnmøre sine hytter. Turane vert leia av trygge turleiarar. I løpet av desse dagane blir gruppa godt kjent, lærer korleis man skal bruke hyttene, pakke sekk, planlegge rute, sjå på kart og kompass og mykje meir. 

  • Vi skal kose oss på hyttene og i fjellet!  Dette er ein super mulegheit til å få nye venner, kjenne på meistring og bli tryggare på hyttetur i fjellet!, skriv DNT i pressemeldinga. 

Turane er for alle, men kanskje spesielt dei som har mindre erfaring i fjellet, men som ønskjer å bli tryggare på å vere i fjellet over fleire dagar.

DNT ønskjer deltakarar som er tøffe nok til å tåle ein slik tur.

Meir informasjon og påmelding til turen her.