Bakgrunn
«I 2010 etablerte Kulturdepartementet «Pilegrimsleden fra Oslo til Trondheim» ved å opprette 5 regionale pilegrimssenter i leden fra Oslo til Trondheim opp Gudbrandsdalen.
I 2012 ble det gjennom bred politisk enighet utarbeidet en nasjonal strategi for pilegrimssatsingen, gjennom å ivareta perspektiver innen kultur, kirke, næring og miljø inn i dette arbeidet. Samtidig ble Nasjonalt pilegrimssenter (NPS) etablert for å koordinere den statlige satsingen. I perioden fra 2011 og fram til i dag har kystfylkene fra Rogaland til Trøndelag jobbet aktivt sammen med bispedømmene, Riksantikvaren og NPS for etablering av en kystled. Lokalt og regionalt eierskap og entusiasme har vært avgjørende for den positive utviklingen prosjektet har hatt»(handlingsplan for pilegrimsleden).
Syningstur frå Giske til Nidaros 24.-30. august.
Syningsturen frå Giske til Nidaros vart arrangert for å promotere kystpilegrimsleia og for at dei ulike nøkkelstadane skulle lære av kvarandre. Det var med om lag 90 personar som var med og deltok på delar av turen. Den arrangerte turen var innom alle nøkkelstadane på kystpilegrimsleia frå Giske til Nidaros. Eit av måla med turen var å besøke alle nøkkelstadane og sjå korleis det var tilrettelagt for pilegrimar. Eit anna mål var å prøve ut kollektivtransporten. Vi skulle bruke buss, hurtigbåt og ferje. På alle nøkkelstadane, unntatt eit forfall, var ordførarane med og ønska velkomen.
Lokalt arbeid i Giske
Audhild Mork, prosjektleiar for kystpilegrimsleia Møre og Trøndelag kom på besøk i etterkant av turen for å besøke Giske nøkkelstad. Vi inviterte ein del aktuelle samarbeidspartar til eit møte for å diskutere korleis vi jobbar vidare med vår del av leia.
Målet er å gjere Giske til ein betre plass å lande for pilegrimar. Det vart laga ei lokal gruppe som skal jobbe vidare med dette.
Stikkord for den lokale pilegrimsgruppa blir:
Politisk forankring, merking, informasjonsskilt, liturgi, lokale turar, plassar for overnatting, bussrute, kaiplass til gjestebåt, liturgi og mykje meir.
Medlemar av gruppa: Elisabet Sundgot, Rolf Kjell Giske, Arne Tunheim, Christian Nordset, Geir Sakseid, Otto Stornes, Dorthe Lervik og Turid Urkedal Valderhaug.