Kulturmidlar 2023

Giske kommune lyser med dette ut kulturmidlar for 2023. Fristen for innkomne søknadar er 1. april.

Illustrasjon. Eit stort vaffelhjerte i midten i eit naturlandskap. .Helikopter i lufta. Ein person i ein utkikspost i eit tre. Ein stor fotball med ein person på. Ein mann som triller eit barn i rullestol . Musikantar. Ei dame med ei rive og ei trillbåre. - Klikk for stort bilete

Giske kommune lyser med dette ut kulturmidlar for 2023. Søknadsfristen er sett til 1.april.

 

Tilskot  idrett

 

Midlar til idrett vert fordelt til alle lag som er medlem av NIF og som høyrer heime i Giske kommune. Det er avsett kr 95.000.
(Merk søknaden med refnr. 23/4268)

Kommunen gjer merksam på at det er overordna hovudorganisasjon som skal søkje om støtte. Dersom det kjem inn søknad frå underliggande organisasjon, til dømes eit enkelt lag, vil søknaden bli behandla og betalt ut til hovudorganisasjonen.

 

Tilskot musikk

 

Tilskott musikk omfattar kor og korps i Giske kommune. Det er avsett kr 95.000.
(Merk søknaden med refnr. 23/4064)

 

Tilskot kulturminne og museum

 

Lag og organisasjonar kan søkje om tilskott til ulike tiltak innan kulturminne og museumsarbeid i kommunen. Det er avsett kr 20.000.
(Merk søknaden med refnr. 23/4269)

 

Alle søkjarane må sende inn søknaden elektronisk, ved å bruke det digitale søknadsskjemaet som de finn på heimesida til kommunen: Søk her