Koronamidlar til lokale verksemder

Giske kommune har fått meir pengar til fordeling til pandemiråka verksemder i kommunen.

Hilde Kristin Røsvik 

I februar fekk Giske kommune først 780.000 kroner til fordeling, no har kommunen fått ytterlegare 692.000 kroner som skal gis til bedrifter eller verksemder som er hardt råka av pandemien.

«Det er veldig bra at vi no får overført statlege pengar som vi kan dele ut til lokale verksemder som står i ein svært vanskeleg situasjon. Det er viktig at vi har desse lokale tilboda også når pandemien er over», seier Hilde Røsvik, stabsleiar for kultur, service og næring.  

Tildelingskriterier for Ventil-midlar: 

  • Lokale verksemder innanfor reiselivs - , arrangements – og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
  • Lokale verksemder som har hatt kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging
  • Verksemda må vere registrert i Brønnøysund. Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no.

 Søknadsfrist 1. juni 2021

Sjå også utlysing av ordninga i Øy-Blikk denne veka.