Korona-smitta innom Bakeriet på Roald
Ei korona-smitta kvinne var laurdag innom bakeriet på Roald mellom 14.30 og 15.00. Dette gjer at smittevernoverlegen i Giske, Anne-Line Sommerdalen, no ber alle som var innom bakeriet laurdag ettermiddag vere ekstra aktsomme når det gjeld symptom.
- Vi veit at kvinna var der i eit kort tidsrom etter 14.30. Ho var berre innom og handla utan å sette seg ned. Truleg tok ho berre i dørhandtaka, seier Sommerdalen.
- Likevel vil vi be alle som var innom bakeriet mellom 14.30 og 15.30 sist laurdag om å passe ekstra på om dei får symptom som kan minne om korona. I så tilfelle skal ein halde seg heime og be om å bli testa.
Den korona-smitta er ikkje heimehøyrande i Giske, men var på gjennomreise. På laurdag hadde ho berre svake symptom, men har seinare vorte diagnostisert med Covid-19.
- Smittesituasjonen i Giske kommune føler vi er under kontroll, men vi må bruke alle høve til å minne alle om det dette ikkje er noko som er sjølvsagt. I kommunane rundt oss dukker det stadig opp nye tilfeller og vi må alle vere nøye med smittevernråda dersom vi skal halde situasjonen så bra som der er her.
Og råda er: Vask hendene, hald avstand.
Har du symptom: Hald deg heime. La deg teste.
Publisert 05.10.2020 11.22