Kontrollert lyngbrenning på Vigra laurdag 24. oktober

Giske kommune gjennomfører laurdag 24. oktober kontrollert lyngbrenning i området Blimshaugen–Vigrastova på Vigra som ein del av arbeidet med å ta vare på kystlyngheia i området. Brenninga er planlagd med tidlegaste oppstart kl. 11.00.

Før brenninga startar vil ansvarleg leiar kontrollere vêr- og tryggleiksforhold på staden. Gjennomføringa er avhengig av at forholda er forsvarlege, og arbeidet kan bli utsett dersom vêrforholda ikkje er eigna.

Det kan bli synleg røyk frå området medan arbeidet pågår. Etter gjeldande prognosar er det venta at røyken i hovudsak vil drive ut mot sjøen.Kontrollert lyngbrenning er eit viktig skjøtselstiltak som bidreg til å halde kystlyngheia i hevd og legg til rette for ny vekst. 

Ved spørsmål kan brenningsleiar Jakob Hustad kontaktast på telefon 913 09 738.

Sjå vedlagt brenneplan:
Brenneplan Vigra._.pdf (PDF, 352 kB)

Lyngbrenning langs sjøen - KI-generert - Klikk for stort bileteKI-generert lyngbrenning