Kondolanse i samband med H.M. Kong Harald sin død

Det er med stor sorg bodskapen om Hans Majestet Kong Harald V sin død er motteken. Giske kommune flaggar no på halv stang på alle kommunale bygg. 

Det er lagt ut kondolanseprotokoll for dei som ønsker å sende ei siste helsing på servicekontoret på rådhuset.  

Kondolanseprotokollen vil vere tilgjengeleg på rådhuset kvar dag fram til gravferda 9. september frå kl. 12 til kl. 15.30, mandag 31. august og torsdag 3. september til kl.19. Laurdag 5. september blir protokollen lagt fram på Giske omsorgssenter frå kl. 12 til 14. Det blir i tillegg lagt til rette for at bebuarane på institusjonane i kommunen får signere protokollen. 

Du vil kunne signere ein elektronisk kondolanseprotokoll på www.kongehuset.no.

Nasjonal sørgeperiode, også kalla landesorg, er ein offisiell periode med sorg som blir erklært av styresmaktene. Regjeringa har erklært nasjonal sørgeperiode frå den dagen kong Harald gjekk bort og til etter gravferda. Les Regjeringa si rettleiing til den nasjonale sørgjeperioden på Regjeringa si nettside