Kommuneplanen sin arealdel 2018 - 2030

Etter vedtak i kommuneplanutvalet den 26.02.2018, sak F-015/18, blir framlegg til kommuneplanen sin arealdel lagt ut til 3. gongs offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14.

Kommuneplanen sin arealdel fastset framtidig arealbruk i kommunen, både bruk og vern av areal, og er ved kommunestyret sitt vedtak bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak.

Arealplanen blir lagt ut på ny høyring med følgjande endringar:

  • NFFFA_4 , akvakulturareal nord for Budafjellet, vert teke ut av arealplanen.
  • Kommunesenteret på Valderhaugstrand (brunfarga) vert vidareført.
  • Området på Sætra som var markert som nytt sentrumsområde (brunfarga) i forslag til arealplan, vert endra til kombinasjonsformål (skravur): handel/service, næring, offentleg og privat tenesteyting og bustad, med inntil 9000 kvm detaljhandel.

Høyringa er i høve desse endringane i planforslaget.

Alle plandokument er tilgjengelege på kommunen sine heimesider under kunngjeringar. Dokumenta kan også sjåast på rådhuset. Høyringsfrist for å kome med merknader til 3. gongs offentleg ettersyn av kommuneplanens arealdel er 11.04.2018.

Merknader kan sendast til Giske kommune på e-post eller postadresse: Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya.

 

Heile arkivsaka med vedtak og vedlegg ligg her:

https://www.giske.kommune.no/innsyn.aspx?response=arkivsak_detaljer&arkivsakid=2017001744&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=1117&

 

Utvalde saksdokument: