Kommunedirektøren går til ny jobb

Kommunedirektør Dag Olav Tennfjord har sagt opp si stilling i Giske kommune og går til ny næringslivsjobb. 

Dag Olav Tennfjord.

"Eg vil med dette melde frå om at eg har takka ja til ei stilling i privat næringsliv og at eg har sendt inn oppseiing til Giske kommune den 7/12.  Eg ser fram til å arbeide i ei veldreven verksemd som har behov for kompetansen min. Der skal eg bidra til utvikling og vekst av eksisterande og nye forretningsområde. I arbeidsavtalen min har eg tre månader oppseiingstid, i tråd med Hovedtariffavtalen sine reglar.

Eg vil takke for den tida eg har vore i Giske, med mange kjekke og motiverte medarbeiderar som kvar dag bidreg til å gjere Giske til ein god stad å bu.", seier kommunedirektør Dag Olav Tennfjord.