Kommune-Kari svarar deg

Har du spørsmål til Giske kommune kan Kommune-Kari kanskje gi deg svaret du er ute etter. Ho er ein chatbot og du finn ho i høgre hjørne på kommunen si heimeside. 

 

 For å hjelpe innbyggarane med å finne svar på spørsmål også utanfor opningstidene til servicekontoret har vi tilsett Kommune-Kari.  Ho jobbar døgnet rundt  med å finne og gi informasjon. Kommune-Kari er i stadig utvikling så dersom du har tips til oss eller ho svarar feil, kan du gjerne gi oss ein beskjed på epostadressa: post@giske.kommune.no eller på telefon 70 18 00 00 mellom klokka 10 og 14.

Vi er veldig glade for å ha fått med oss Kommune-Kari på laget vårt! Med hennar hjelp håpar vi å gi eit endå betre tilbod til innbyggarane våre.