Kartlegging og vurdering av tenestetilbod

logo

Kartlegging og vurdering av tenestetilbod til brukarar er lovpålagt utført i alle kommunar i landet. Evaluering av tilbodet undervegs er også lovpålagt. Giske kommune ønsker og ser behov for å gjennomgå tenestetilboda til brukarar ved bufellesskap for mennesker med nedsett funksjonsevne. Det vil frå august månad bli sett igong eit større kartleggingsarbeid i samarbeid med brukar/verge/pårørande og tenestene. Kommunen vil ta kontakt med dei som vert berørt. Desse vil få nærmare informasjon.

Kommunen ønsker å sikre likebehandling og rett teneste på rett nivå til innbyggjarane. Dette arbeidet er ein del av omstillingsarbeidet i pleie og omsorstenestene. Kommunen følgjer med dette opp kommunestyret sitt vedtak om strategi bu-og tenestetilbod helse og omsorg 2050.