Kartlegging av kvikkleire i Giske

NVE utfører no regional kvikkleirekartlegging i Giske kommune i utvalgte områder basert på befolkning og «moglegheit for leire» frå kvartærgeologiske kart.

Kartlegginga i kommunane vert utført av Multiconsult og vil halde på i ca. 1 år med oppstart feltsynfaringar i løpet av april/ mai 2018 og påfølgjande grunnboringar og vurderingar i 2018 og 2019. I denne samanheng ber vi om velvilje blant grunneigarar for feltsynfaringar og seinere grunnundersøkingar.

Kartlegginga har som mål å kartlegge områder med potensiell fare for store, naturleg utløyste kvikkleireskred med faregrad, konsekvens og risiko.  Kartlegginga er grov, ofte med berre ei grunnboring i kvar sone, og basert på terrengkriterier. Det vil difor også kunne eksistere kvikkleire utanfor dei eventuelt kartlagte kvikkleiresonene og behov for meir detaljerte utgreiing med stabilitetsberekningar i eventuelt kartlagte soner ved utbygging.  For areal- og byggeplanar vil alle områder under tidligere havnivå (marin grense er høgaste grense for der det kan finnast kvikkleire) vere aktsemdsområder for kvikkleire.

For meir informasjon om kvikkleirekartlegginga, sjå https://www.nve.no/flaum-og-skred/kartlegging/kvikkleireskred/

Resultatet av den regionale kvikkleirekartlegginga med eventuelle kvikkleiresoner vert presentert på NVE Atlas og på kommunens heimesider når desse føreligg.

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)