Kartlegging av havbotn i Giske og Ålesund i gang
No er starten gått for kartlegging av kystsona i Giske og Ålesund. Kartverket, Norges geologiske undersøkelse og Havforskningsinstituttet skal lage detaljerte marine grunnkart, der det vert bygt på ein terrengmodell over havbotn med lag av informasjon og data som fortel om sjøbotn og vassøyla over.
Her kan planleggarar, næringsaktørar og andre navigere seg gjennom terrengformasjonar, botntyper, ankringstilhøve, botnfelling frå oppdrettsanlegg, skredfarer, miljøgifter, naturtypar og habitatar - og sjå straum, bølgjer, saltinnhald og temperatur frå botn.
Dette er svært viktig kunnskap som kan nyttast for havbruksproduksjon, fiske, fornybar energi og turisme, og samstundes skjerme sårbare naturtyper.
Meir informasjon:
video.kartverket.no
Nyheiter frå NRK-Møre og Romsdal
Nyhetsbrev fra pilotprosjekt Marine grunnkart i kystsonen eksternt og internt (PDF, 851 kB)
Publisert 21.09.2020 14.00