Kan bli redusert tilbod i skule og barnehage

 Det er aukande smitte i Giske. Det kan føre til utfordringar når det gjeld bemanning i tenestene. 

 

Denne veka vart det innført nye nasjonale tiltak i skule og barnehage:

Barn treng ikkje teste seg før dei får symptom, heller ikkje når dei er i husstand med smitta. Dei kan møte som vanleg i barnehage/skule og på SFO, men må altså halde seg heime ved symptom.

Barn blir framleis rekna som øvrige nærkontaktar og barnehage/skule vil varsle føresette om smitte i aktuelle grupper.

Det er derfor viktig at du varslar skule /barnehage dersom barnet ditt testar positivt. Du skal også melde positiv hurtigtest til kommunen.

For øvrige nærkontaktar, også barn, gjeld no følgande:

  • Test deg/barnet ditt ved symptom (Hurtigtest eller PCR)
  • Observer symptomutvikling i 10 dagar etter siste nærkontakt med smitte
  • Ha lav terskel for testing, sjølv ved milde symptom

Alle med nyoppståtte luftvegssymptom bør halde seg heime, uavhengig av negativ hurtigtest.

Isolasjonstida ved positiv koronatest er no 4 døgn. I tillegg må barnet ha vore feberfri i 24 timar (utan bruk av febernedsettande) før isolasjon blir avslutta og barnet vender tilbake til barnehage/skule.

I Giske kommune er det no aukande smitte. Dette vil medføre auka fråvær også hos tilsette i barnehage, skule og SFO. Sjølv om alle tilsette strekk seg langt for å gi så godt tilbod som råd, vil det kunne bli situasjonar med både redusert opningstid og digital heimeskule for klasser og trinn. Kommunen vurderer det då slik at vi prioriterer tilbodet til sårbare barn og barn av foreldre med samfunnskritisk jobb.  Vidare vil skulane prioritere skuletilbod til dei yngste elevane, altså 1.-4. trinn. Dette fordi det blir vurdert som særleg viktig for dei yngste barna å ha tilbod, og også fordi foreldre skal kunne vere på jobb.

  • Vi er vel lei av pandemi og ekstraordinære tiltak alle. Tilsette og leiarar i barnehage og skule har hatt krevjande arbeidsforhold gjennom pandemien og mange har strekt seg lenger enn det vi på førehand trudde var mogleg å få til! Vi må prøve å samarbeide like konstruktivt om dette vi håper er siste motbakke i denne utfordringa, seier kommunedirektør Dag Olav Tennfjord.