Ingen problem med tryggleiksalarmar i Giske kommune

Brukarar i fleire kommunar har fredag kveld opplevd problem med å bruke tryggleiksalarmar. Giske kommune har i kveld testa tryggleiksalarmane i kommunen, og dei slår inn med normal responstid.

Innbyggjarane i kommunen skal kjenne seg trygg på at alarmane fungerer slik dei skal. Grunnen til at Giske kommune ikkje har hatt same problem som Ålesund og andre kommunar i kveld er at Giske kommune har ein annan alarmsentral.