Informasjon til innbyggjarane om behandling av korona med tablettar

Behandling av korona med tablettar
Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar
Tablettane som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk.
Det er viktig at behandlinga startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftveissymptom, bør du teste deg for korona.

Kven vil ha nytte av Paxlovid?
Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid:

  • • Dei som har alvorleg immunsvikt.
  • • Dei som er over 65 år, har ein alvorleg sjukdom og ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene.
  • Alle som er over 80 år. Luftveissymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller vondt i hovudet.

Kva skal du gjere viss du får luftvegssymptom?
Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller vondt i hovudet.

Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftveissymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.
Viss sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt. Viss testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen. Viss symptoma blir verre, bør du kontakte fastlegen din, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?
Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:

  • Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 80 år
  • Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksine dei siste seks månadene og du har ein alvorleg kronisk sjukdom.

Sjukdommar som gjev høgare risiko for å bli alvorleg sjuk av korona:

  • Aktiv kreftsjukdom eller pågåande eller nyleg behandling mot kreftsjukdom
  • Alvorleg hjerte- eller lungesjukdom
  • Dårleg regulert diabetes
  • Alvorleg overvekt – kroppsmasseindeks høgare enn 35
  • Kronisk nevrologisk sjukdom med betydeleg nedsatt funksjon
  • Alvorleg psykisk sjukdom, spesielt alvorleg schizofreni
  • Alvorleg demens
  • Downs syndrom

Viss du er over 50 år og aldri har tatt vaksine, har du og auka risiko.
Du finn meir informasjon om symptom, kva du skal gjere viss du blir sjuk og behandling av korona på helsenorge.no

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona, er å ta koronavaksine.