Informasjon frå Giske eldreråd om vellukka eldrefest på Nestun den 6. oktober 2024

Søndag 6. oktober arrangerte Giske eldreråd årets eldrefest på Nestun, Giske. I eit øsande regnvêr samla opp mot 100 personar seg for å feira den internasjonale eldredagen som var tidlegare i veka.

Bilde frå eldrefesten på nestun 06.10.2024 - Klikk for stort bilete John Egil Turbekkmo


Etter dette var det servering av brennsnut frå PSS, og under måltidet vart to eldsjeler frå kommunen vår heidra; nemleg Ernst Valderhaug (ein leiarskikkelse i frivilligheits-arbeidet) og Anne Lise Hessen Følsvik (ein evig forkjempar for eldres rettigheitar). 

Så var det musikk med Lasse Silnes, og han fekk som vanleg opp stemninga med det sprudlande humøret sitt og treffande låtar, før det var tid for gode kaker frå SBM og kaffi.
Dagen vart avslutta med trekning av premiar etter utloddinga, og alle blei til slutt takka for oppmøtet og ønskt vel heim. 

Så vil me igjen takke sponsorane som gjorde eldrefesten mogleg i år: Giske Frivilligsentral, Loran AS, Nordic Wildfish, Sparebanken Møre og PSS Catering.  Me vil òg takka dei som sponsa premiar til utloddinga: E-design, Fylling Farge, Valderhaug Rørhandel, Europris, Apotek1, Sverre Roald, Joker Vigra, Kiwi Ytterland, Ytterland Blomster, Giske IL, Øyvind Fosse og Private. Sist, men ikkje minst vil me takke Giske IL med Steinar Lillebø i spissen for eit fantastisk flott opplegg på Nestun. Pynting, det tekniske, servering, loddsal og rydding vart knirkefritt gjennomført; tusen takk til dykk alle!

Frå leiaren i Giske eldreråd, John Egil Turbekkmo