Ikkje ramma av systemsvikt

Giske kommune er ikkje ramma av den alvorlege svikten i integrasjonen i Visma Familia som mange av landets kommunar er råka av.

logo

Giske barnevern har valt å ikkje implementere Nasjonal portal for bekymringsmelding inn i sitt fagsystem, og er dermed ikkje ramma av dei feila mange kommunar nå opplever. I Giske barnevern er det plan om å implementere dette systemet i samband med innføring av nytt fagsystem i årsskifte 2023 – 2024 (Visma flyt barnevern). Fram til då reknar ein med at alle feil i systemet Nasjonal portal for bekymringsmeldingar blir retta opp.

Den same feilen som ramma Familia knytt til bekymringsmeldingane har også ramma ein annan meldingsteneste til Familia mellom offentlege instansar (SvarInn). Feilen oppstod i Familia då dei nytta same kode til begge koblingane. Giske barnevern tok i bruk SvarInn den 15.12.21. 

Etter feilsøkjing er det ikkje funne feil registrert i SvarInn i fagprogrammet Familia til Giske barnevern.