Hurra! Vigra barnehage 20 år.

Vi gratulerer Vigra barnehage som har 20 årsjubileum i år. Dette blei markert i dag med ein stor fest for små og store. Det var god stemning med besøk frå kommunen, taco til lunsj og sjølvsagt også kake. 

Vigra barnehage er ein kommunal barnehage som er eigd og driven av Giske kommune, dei har per i dag 56 barn og 12,7 årsverk inkludert styrar. 
Vigra barnehage har eit stort fokus på å bygge gode og trygge relasjonar til barna. Dei tilsette har fokus på at barna skal bli møtt med kjærleik, omsorg, opne armar og varme klemmar. Barna skal bli møtt med forståing og tolmod når noko er vanskeleg eller trist og dei tilsette skal tørke tårer, stryke hår og hjelpe til med å løyse konfliktar. Barna skal gå heim med ein kjensle av at «I dag var det bra eg kom» på slutten av dagen.

Det er STORT å vere liten i Vigra barnehage.