Høyring - Trafikktrygging og trafikkavviklande tiltak ved Godøy skule

I forbindelse med sammenslåing av Alnes skule og Godøy skule har det blitt sett på trafikksituasjonen og trafikksikkerheita ved Godøy skule. Det har blitt utarbeida skiltplan for Ådalsvegen og Kamsdalsvegen med gjennomkøyring forbode og det har blitt utarbeida ei sak om trafikkavviklinga ved skulen og hallen på Godøya.

Teknisk utval vedtok i møte den 28.01.2021, sak TU-009/21 at saka skulle behandlast i kommunestyret. Kommunestyret vedtok i møte den 18.02.2021, sak KS-004/21 følgjande vedtak:

Forslaget som er skissert i saka kan vere ein del av løysinga, men det må sjåast i samanheng med dei trafikale forholda ved skulen. Administrasjonen blir beden om å legge fram ei sak om trafikkavviklinga ved skulen og hallen på Godøya, saman med skiltplan – Gjennomkøyring forbode på Kamsdalsvegen/Ådalsvegen. Saka skal ut på offentleg høyring og tilbake til teknisk utval for behandling av innspel og endeleg vedtak.

Saksprotokoll og høyringsdokumenter ligg her: Lenke til politisk sakSkisse av føreslått tiltak - Trafikktrygging og trafikkavviklande tiltak ved Godøy skule (PDF, 14 MB) og Forklaring til foreslått løysing - Godøy skule (PDF, 434 kB).

 

Merknader til planforslaget kan sendast til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til post@giske.kommune.no. Innspel merkast med sak 21/130.

 

Frist for høyringsuttalelsar: 19.04.2021