Høyring - forskrift om grunntilskot til private barnehagar i Giske kommune

Formannskapet har i f-sak 85/2026 i møte 14.09.2026 vedtatt å sende framlegg til lokal forskrift om satsar for utrekning av grunntilskot til private barnehagar i Giske kommune for 2027 ut på offentleg høyring. Høyringa blir gjennomført etter forvaltningslova § 37. Forskrifta fastset satsar som skal nyttast ved utrekning av grunntilskot til private barnehagar.

Bilde av koffert med papir og gullpengar. - Klikk for stort bilete IA-bilde

Stortinget har vedtatt endringar i barnehagelova med tilhøyrande finansieringsforskrift. Ei av dei mest sentrale endringane er at kommunane ikkje lenger skal fastsette grunntilskot til private barnehager gjennom årlege enkeltvedtak. I staden skal satsane og utrekningsgrunnlaget heretter fastsettast og kunngjerast i ei lokal forskrift.

Giske kommune har nytta berekningsmodellen og rettleiaren til KS og PBL som grunnlag for berekning av satsar og dokumentasjon. Pensjonspåslaget inngår ikkje lenger i satsen for grunntilskot. Ein kan difor ikkje samanlikne tidlegare års satsar for driftstilskot med årets sats for grunntilskot utan å ta omsyn til dette. Endeleg deflator for statsbudsjettet for 2027 ligg ikkje føre når forskrifta blir send på høyring. Berekninga byggjer difor på eit anslag, som blir justert når endeleg deflator ligg føre.

Ansvarleg for høyringa er barnehagemynde.

Høyringsdokument
* Vedlegg 1: Framlegg til lokal forskrift om satsar for utrekning av grunntilskot  (PDF, 131 kB)
* Vedlegg 2: Utrekning satsar (XLSX, 309 kB) 2027 - private ordinære barnehager
* Vedlegg 3: Høyringsbrev
 

Korrigering av satsar per 16.10.2026
Kunnskapsdepartement har i brev datert 08.10.2026 gjort greie for korleis administrasjonsutgifter skal haldast utanfor utrekninga av grunntilskotet. Giske kommune har korrigert satsane for grunntilskot for 2027. Kostnadar som dei private barnehagane får dekt gjennom administrasjonspåslaget er korrigerte i reknearket.

Nye høyringsdokument
Vedlegg 1: Nytt framlegg til lokal forskrift om satsar for utrekning av grunntilskot (PDF, 132 kB) 
Vedlegg 2: Utrekning satsar 2027 - prvate ordinære barnehagar (XLSX, 429 kB)
Vedlegg 3: Nytt høyriingsbrev (PDF, 122 kB)
Vedlegg 4: Presisering frå Det kongelege kunnskapsdepartementet om administrasjonspåslaget til private barnehagar (PDF, 91 kB)

Innspel
Skriftlege innspel kan sendast til: eDialog eller post@giske.kommune.no.

Høyringsfrist
Frist for å sende høyringsinnspel er 28.10.2026.