Her får du valresultata

Etter at vallokala stenger over heile landet klokka 21.00 i kveld, mandag 11. september, kan du følge med på valresultatet her.

Lokalvalet 2023.

Dei første tala som kjem rett etter kl. 21 er frå førehandsrøystinga. Den vart avslutta fredag kl. 15 i Giske kommune. Etter det kjem tala fortløpande inn frå dei fire krinsane i kommunen; Giske, Vigra, Godøy og Valderøya. Dei første tala er resultat etter foreløpig telling i krinsane.

Dei politiske partia skal ha valvake på PSS på Valderøya.

  • Dette blir veldig spennande å følge med på. Håpar at vi får høg valdeltaking. Eg ønsker alle veljarar og politikarar lukke til på valdagen, seier kommunedirektør Karl Andre Birkhol.

Av dei 6507 stemmeberettiga i Giske kommune er det avgitt 1474 førehandstemmer. Dette utgjer 22,65 prosent av alle stemmeberettiga. Av dei 210.618 stemmeberettiga i Møre og Romsdal er det avgitt 61.269 førehandsstemmer, noko som utgjer 29,09 prosent av alle stemmeberettiga. (Mottatte forhåndsstemmer 2023 - Valgdirektoratet)

Her blir alle resultata lagt ut fortløpande utover kvelden:

Valgresultat