Helikopterløft i samband med steinlegging av sti

Det er igongsett eit arbeid med å steinsette stiane på Valderøyfjellet. I dag, onsdag 23. august skal det fraktast stein frå Skaret opp til stien mellom Kolvikparken og Signalen mellom klokka 16 og 18.

Oversikt over stiar som skal steinleggast.

Valderøyfjellet er eit mykje brukt rekreasjonsområde for turglade. Formålet er å verne terrenget mot slitasje. Det er ei underguppe av IL Valder, fjellgruppa, som har sett i gong arbeidet med steinlegginga. Det vil foregå dugnadsarbeid med steinlegging utover hausten.   

Området som får stein levert onsdag ettermiddag er delar av sti nummer "A".