Heimeskule for ungdomsskuleelevar også torsdag

Meteorologisk institutt meldar om aukande styrke i vindkast utover ettermiddagen onsdag og torsdag. Det er difor bestemt at det blir heimeskule for ungdomsskuleelevar også torsdag.

Giske ungdomsskule. 

 

For vårt område handlar meldinga frå meteorologisk institutt om regn og sterke vindkast, noko som kan føre til periodevis stenging av Giskebrua. Etter oppdaterte råd frå Vegtrafikksentralen og drøfting i beredskapsleiinga i Giske kommune i dag, er det bestemt at det blir heimeskule for ungdomsskulen også i morgon, torsdag. 

"Eg er imponert og stolt over tilsette, elevar og foreldre som viste stor velvilje, planla og gjennomførte digital skuledag på kort varsel onsdag" seier kommunalsjef Åse Elisabeth Skjærseth.

 

Varsel om regn 
Varsel for Møre og Romsdal
Nivå: Raudt - ekstremt mykje regn 
Gyldig frå 12.01.2022 kl. 13.00 
Sjå varsom.no for meir informasjon

Varsel om flaum- og jordskred
Varsel for store deler av Sør- og Midt-Norge
Nivå: Raudt 
Gyldig frå 12.01.2022 kl. 07.00 
Sjå varsom.no for meir informasjon 

Varsel om kraftige vindkast
Varsel for Møre og Romsdal og Trøndelag
Nivå: Gult
Gyldig frå 13.01.2022 kl 22.00 
Sjå varsom.no​​​​​​​ for meir informasjon