Heimesjukepleia Giske innfører telefontid frå 25.03.25
På grunn av stor pågang på telefon ser vi oss nøydt til å innføre telefontid for å få tid til å gjere alle nødvendige oppgåver.
Telefonen til heimesjukepleia i Giske vil vere bemanna på vekedagar mellom kl 12.00-14.30, telefon 957 58 551
Heimesjukepleia har stort sett planlagde og avtalte besøk, og vi minner om at endringar i avtalar må gjerast i god tid og seinast dagen før. Om det oppstår akutt behov for bistand frå heimesjukepleia, ring 417 02 365.
Ved akutt behov for helsehjelp, ring 113, eller legevakt 116 117.
Utanom telefontid kan ein henvende seg til heimesjukepleia på melding.
Melding kan sendast til telefonnummer 417 02 365
Melding blir lese 09.00, 11.00, 17.30 og 21.00 på kvardagar.
Melding blir lese 11.00 ,17.30 og 21 på helg og høgtidsdagar.
Publisert 28.02.2025 14.12
Sist endra 28.02.2025 14.12