Gry Støbakk Ytterland er tilsett som ny rektor på Giske ungdomsskule

Gry Støbakk Ytterland blir ny rektor ved Giske ungdomsskule

Vi er så heldige at Gry Støbakk Ytterland har takka ja til stillinga som ny rektor ved Giske ungdomskule. Ho tek til i stillinga frå 1. august.

Gry er i dag rektor ved Giske skule og ho har også vore rektor ved Valderøy barneskule, ein periode. Ho er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning og har også rektorutdanning. Trass ung alder har ho vore lærar i ei årrekke, teamleiar og avdelingsleiar før ho vart rektor i 2019.

"Eg ser fram til nye utfordringar på Giske ungdomsskule kor eg saman med dei tilsette og leiargruppa vil jobbe systematisk og målretta for at elevane skal erfare ein inkluderande praksis kor dei kjenner dei høyrer til, er trygge og får utvikle seg fagleg og personleg. Eg vil fortsette med å  jobbe for gode vilkår for dei tilsette som møter elevane kvar dag! Eg takker elevar, foreldre og flotte tilsette for gode år på Giske skule - det blir ein overgang å kjøre rett fram i rundkjøringa på Giske."