Gratis kurs for førstegongsforeldre

 Giske kommune har fått 300.000 kroner til samlivskurs for førstegongsforeldre. Det er barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som har bevilga pengane.

 

Samlivskurset er eit førebyggande kurs for å støtte førstegongsforeldre som familie og par. Kurset skal gi inspirasjon i ein periode med store omveltingar og vil medverke til sunn og trygg kommunikasjon.

Kursa skal haldast på Frivillegsentralen for førstegongsforeldre med baby mellom 4-6 månader og gravide par i andre trimester.

Kursa går frå 13.30 til 15.30 på torsdagar i fire veker. Første kurs startar 2. september. Der vil vere to kurshaldarar.

  • Dette er eit behov vi har sett lenge. Eg er glad for at vi no kan sette i gang slike kurs med dei ekstra pengane vi har fått, seier Gretha Giske, einingsleiar Barn, familie, helse i Giske kommune.

Påmelding på epost til:  johanne.rosvik.synnes@giske.kommune.no